Hopp til innhold

Viltforvaltning etter økologiske prinsipp

Hjorteforvaltninga er i ferd med å skyte seg sjølv i leggen. No må ein heve siktet nokre knepp: Kva med å innføre bærande økologiske prinsipp i forvaltninga?

07.10.2024 av Jon Anders Stavang, Norsk Hjortesenter

MANGELVARE: Vaksen kronhjort på 10-12 år. Desse er mangelvare på Vestlandet. Foto: Johan Trygve Solheim

I bestandar som ikkje vert jakta på av menneske, men av rovdyr, er sjansen for å døy sterkt påverka av alder og kondisjon. Kalv er særleg utsett, både som følgje av predasjon og fordi dei har mindre ressursar til å overleve snørike vintrar. Dei er avhengige av kolla, og skjer det noko med henne, har dei små sjansar.

Ungdyra vert mindre sårbare etter kvart som dei får meir erfaring og vert flinkare til å unngår farar og predasjon.

Vaksne dyr har lågast sjanse for å døy. Dei er fysisk robuste og toler tøffe vintrar. Dei har erfaring både med å finne mat og unngå farar, og dei er minst utsette for predasjon.

Dyr eldre enn 12 år vert etter kvart svekka. Kollene får gjerne redusert kalve­produksjon og bukkane mistar kropps­vekt og gevirstørrelse. Desse dyra er i større grad utsette for sjukdommar, avmagring og predasjon, og toler krev­jande klima og snørike vintrar dårlegare.

Basert på dette vil sjansen for å døy som funksjon av alder vere slik som det er skissert i figur 1.

I eit økosystem med rovvilt vil predatorane i stor grad ta ut kalv og ungdyr samt eldre, svekka dyr. Det same gjeld strenge vintrar. Dette sikrar ei robust stamme med god helse og produktive dyr.

Jakt som etterliknar rovdyra

Ved ein «normal» bestand av rovdyr, vil populasjonsnivået vere relativt lågt og mattilgangen god. Kjønnsbalansen er jamn og dei økologiske prosessane bidreg til genetisk mangfald og seleksjon for begge kjønn.

Sidan rovdyra tek ut små og svekka dyr, er totaleffekten på hjortevilt­populasjonen at den har god kondisjon, høg produkti­vitet og er godt rusta til å takle ekstremt klima, sjukdommar og predasjon.

Ei hjorteforvaltning som føl økologiske prinsipp, må etterlikne mortalitets­mønsteret for hjortevilt i Fig. 1. Det betyr følgande enkle punkt:

  • Jaktuttak i hovudsak retta mot kalv, ungdyr, eldre og svekka dyr.

  • Kjønnsfordelinga må vere nokolunde jamn.

  • Vaksne dyr skal i liten grad jaktast på, berre når bestandstorleiken skal ned og med særskilt fokus på kolleskyting.

  • Dei «beste» dyra skal vere att i bestanden etter jakta.

Forventa fordelar ved ei slik forvaltning er mellom anna:

  • Lågare mortalitetsrate ved strenge vintrar, altså god dyrevelferd.

  • Lettare å kontrollere tilvekst med færre koller i populasjonen enn tilfellet er i dag.

  • Ivaretaking av økologiske prosessar som mellom anna brunstseleksjon, der det er mange nok bukkar i 6-12 års alder til det er reell konkurranse om å pare seg.

  • Høgare snittalder, særleg for bukkane.

  • Høgare snittalder vil betre tilhøva for naturleg seleksjon i høve tilpassing til klima og sjukdommar (dyr med gode arveeigenskapar lev lenger og får fleire avkom).

  • Betre kondisjon, slaktevekter og fruktbarheit.

  • Lågare konfliktnivå med andre interesser.

KALVESKYTING: Framleis skyt jegerane for få hjortekalvar til å innfri dei økologiske prinsippa. Foto: Johan Trygve Solheim

Status i hjorten sitt kjerneområde

Hjortebestanden er overvaka gjennom det nasjonale bestandsovervakings-programmet leia av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Programmet har dokumentert følgande utvikling sidan starten på 90-talet i kjerneområdane på Vestlandet:

Hjortestammen har auka jamt og er no rekordstor. Grunnen er at avskytinga stort sett har vore mindre enn tilveksten. Men dette kan ha snudd dei siste par åra.

Kondisjonen har falle og slaktevektene har gått ned 10-15 %. Fruktbarheita har også gått ned. Andelen koller på 1,5 år som får kalv etterfølgande år, har gått ned meir enn 80 %.

Vidare er kjønnsbalansen skeiv (fig. 2) etter langvarig, høgt jakttrykk på bukk. Det resulterer i lågare snittalder for hann­dyra. Situasjonen har vart ved dei siste 10-15 åra (fig. 3), sjølv om dei fleste kom­munar har mål om å auke snittalderen.

Avskytinga av kalv og ungdyr har auka frå 54 % til 64 % av kvoten, noko som er i tråd med økologisk forvaltning. Det gjennomgåande problemet er altså forvaltninga av dei vaksne hjortane, og særleg hanndyra.

«Sett kolle per bukk» har halde seg stabilt i Vestland dei siste ti åra. Indikatoren tek ikkje omsyn til at bukkane eksponerer seg meir. Tal frå Hjorteviltregisteret.
Figuren viser talet og alder på felte dyr i Vestland perioden 2012-2022. Kjelde: Hjorteviltregisteret.

Bedrøvelege bestandsanalyser

Basert på kohort-analyser i tre vestlands­kommunar i 2006 fann Veiberg m.fl. (2010) det bedrøvelege resultatet at det var 3-3,7 koller per bukk blant dyr 2,5 år og eldre. Dei fleste bukkane var skotne innan dei vart 5 år gamle. Berre 1 % av bukkane vart eldre enn 8 år.

Basert på sett og skutt-data har lite endra seg sidan den gong. Rett nok har bestandane auka slik at fleire bukk vert observert, og ein del vert også eldre, men den relative andelen vaksen bukk er framleis heilt marginal.

Frå felt vilt-statistikken finn vi at bukk 10 år og eldre utgjer 6 promille av dei felte dyra dei siste 10 åra i Vestland. Returbukk (eldre enn 12 år) utgjer mindre enn 4 promille (fig. 4).

Dette er svært uheldig når vi veit at bukkane ikkje er på topp før dei er 8-10 år gamle. Dei positive verknadane som føl av høg andel vaksen bukk er også kjent, mellom anna brøling, kjemping, framskunding og synkronisering av kollene sin brunst, med meir (sjå til dømes Meisingseth, 2003, eller Veiberg mfl. (2010)).

Forvaltningsregimet har altså feila. Klarar ein ikkje å auke snittalderen for bukk monaleg dei neste fem åra, må det seiast å vere ei fallitt-erklæring.

Lovverk og krav til forvaltninga

Den overgripande lova som legg føringar for jakt i Noreg er naturmang­faldlova. Formålsparagrafen seier: «Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskaps­messige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virk­somhet, kultur, helse og trivsel, nå og i frem­tiden, også som grunn­lag for samisk kultur.»

I odelstingsproposisjonen (nr. 52 2008-2009), står det forklart korleis natur i formålsparagrafen skal forståast: «Begrepet ’naturen’ omfatter også naturens økologiske prosesser. Disse er uttrykkelig nevnt for å gi uttrykk for at dynamikken i naturen må sikres. Målet for loven er ikke å stanse naturlig utvikling, men nettopp å sikre at en slik utvikling kan finne sted.

Ved hjelp av begrepene ’naturen’ og ’økologiske prosesser’ understrekes også at in situ-bevaring er hovedmålet med loven. Det vil si at økosystemer, naturtyper, leve­områder og arter ivaretas der de fore­kommer og kan utvikle seg naturlig.»

Korleis naturmangfaldlova skal vere rettleiande for forvaltninga, er utdjupa i forarbeidet til lova og vidare diskutert av Backer (2010). Oppsummert krev lova at berekraftig bruk av hjorte­ressursen gjennom jakt må skje på ein slik måte at ein tek i vare arten ved at han får utvikle

Bryt forvaltninga lova i dag?

Med bakgrunn i formålet til natur­mang­faldlova og forvaltningsansvaret, kan ein spørje om forvaltninga i dag er i tråd med lovverket. Ein kan til eks­empel vise til at ein i fleire område har tillate bestandstettleikar som gir redusert kondisjon, og at ein skyt så mykje bukk at brunstseleksjon som økologisk prosess er kraftig forstyrra.

Viltlova er heimla i naturmangfold­lova. Det skjer no eit større arbeid for å revidere og modernisere viltlova. Det reviderte lovforslaget skal leggast ut på høyring i 2024.

Det er venta at lova i større grad vert harmonisert med naturmangfaldlova og dyrevelferdslova, samt ny kunnskap om økologi. Dette vert igjen følgt opp med revidering av forskriftene som er heimla i viltlova.

ROVDYR: Ei god viltforvaltning skal etterlikne rovdyra og ta ut dei svakaste dyra. Foto: Bernt Østhus

Forslag til nye verkemiddel i ny viltlov

For å kome vidare i forvaltninga, bør det kome formuleringar som sikrar at for­valt­ninga tek vare på hjorten sin biologi og økologi. Forskrift om forvaltning av hjortevilt skil til dømes berre mellom kjønn, kalv og vaksne dyr. Vaksne dyr er alt over 1,5 år.

I hanndyrsegmentet skil ein mellom kalv, spissbukk og vaksen bukk (med greina gevir). Det er for dårleg dersom ein skal få til ei fornuftig forvaltning av vaksne dyr – særleg når ein veit at ein vaksen bukk er på topp i alderen 8-12 år, og gjerne kan verte 15-20 år.

Ei meir fornuftig inndeling som også jegerane kan lære, er kalv, ungbukk (til dømes 1,5 – 3,5 år), mellombukk (til dømes 4,5-7,5) og vaksen bukk (8,5+ år). Ved å vere restriktiv med hanndyr­løyva i yngre årsklassar, kan ein sikre god rekruttering av vaksen bukk.

Men det enklaste grepet for å auke snittalderen på bukk, er å redusere fellings­­kvoten på spissbukk (Veiberg m.fl., 2010).

Jegernivået må opp

Jegerstanden har stor variasjon i kunn­skap og ferdigheiter. Mange er flinke til å finne og skyte hjort, men har mindre kunnskap om økologi og kva typar hjort ein bør felle.

I dagens digitale verden kan det sjå ut som at jaktinfluensarar har størst gjen­nomslag. Deira forretningside er å vise jakt på vaksne hanndyr i sosiale medium. Dette appellerer til mange jegerar og genererer mange «likes».

Dermed vert det skapt stor etter­spur­nad etter jakt på noko som er ein svært avgrensa ressurs – store, brølande hjorte­bukkar. Trofé-fokuset til jegerblada har også vore negativt for haldningane blant jegerane.

Det er difor behov for å forenkle og kommunisere eksisterande økologisk kunnskap. Denne kunnskapen må spreiast i mange kanalar; artiklar, sosiale medium, TV, og gjennom gode førebilete og ambassadørar.

Ny standard for gevirbedømming

Eit konkret forslag for å flytte fokus til jegerane og nytte eit pedagogisk verke­middel for å endre jegeråtferd, er å inklu­dere alder i gevirbedømminga av hanndyra.

Figur 4 viser utviklinga av kroppsvekt til bukk (blå), gevirutvikling etter klassisk metode for poengberekning (oransje), samt ei økologisk poengberekning (grøn) der alder (år) dividert på 10 er multipli­sert med klassisk poengberekning. Rektangelet syner alders-vindauget der bukkane har vakse seg store nok til å kunne ha håp om å pare seg i ein natur­leg hjortebestand der det finst ein god andel vaksen bukk.

Resultatet av økologisk poeng­berekning er at felling av 7,5 år gamle bukkar i dei aller fleste tilfelle ikkje resulterer i «me­dalje­gevir», medan «gullmedalje» berre er oppnåeleg for bukk eldre enn 10 år.

Med ei slik endring oppnår ein tre ting: For det første må jegerane verte flinkare til å bedømme alder viss dei skal vinne «heider og medalje». For det andre vert jegerane motivert til å jakte i samsvar med rådande økologikunnskap. Og for det tredje vil brunstseleksjon som øko­logisk prosess fungerer betre når bukkar i sin beste alder vert spart og det vert reell kamp om kollene.

Figuren syner gjennomsnittsalder for felte bukkar og koller som er 2 ½ år og eldre i Vestland. Tal frå Hjorteviltregisteret.

Kvalitetsnorm for hjorteforvaltninga

Kunnskapen om hjorteviltet har aldri vore større. Likevel er erfaringa frå jeger­møter at kunnskapen ikkje når ut. Seleksjon er eit ukjent omgrep. Det er oftast fjøs-perspektivet som vert brukt som innvending mot å spare bukkar: «Det held med ein (spiss-) bukk for å pare ti-tals koller».

Manglande ressursar i kommunane er også eit stort problem. Eit viktig arbeid for å avhjelpe situasjonen vil vere å lage ei kvalitetsnorm for hjorteforvaltninga. Ho kan gjerne vere etter eksempel frå trafikklysordninga for rein.

Då kan ein nytte eksisterande kunn­skap og sette han i system. Sett og skutt-data kan brukast som tellekantar og styringsverktøy. Til dømes bør ein sette konkrete mål for:

  • Kjønnsforhold og aldersstruktur, herunder andel 10+ år bukk

  • Utvikling av slaktevekter

  • Populasjonsnivå/tettleik

  • Konfliktnivå/sosial aksept

Eit fungerande modellverktøy som tek omsyn til jakttrykk og eksisterande bestand bør også implementerast i for­valt­ninga (sjå til dømes Meisingset & Omholt (2022)).

GOD FORVALTNING: Trofé av returbukkar skotne på Svanøy der ein har praktisert økologisk forvaltning i lang tid. Foto: Jon Anders Stavang

Konklusjon om forvalting av vaksen hjort

Dagens hjorteforvaltning er ikkje god nok og det er for lite fokus på kvalitet. Oppdateringa av lovverket må sette hjorten sin eigenverdi og økologi i fokus.

Eit effektivt hjelpemiddel vil vere å dele inn i fleire alderskategoriar for hanndyr, slik at ein kan flytte beskatninga frå unge og mellomstore bukkar til retur­bukk. Det kan potensielt redusere jakt­effektivi­teten – men truleg ikkje, då motivasjonen for å jakte hanndyr er svært stor.

Hjorteforvaltninga må få ein kvalitet som sikrar robuste stammar og høg dyrevelferd. For å oppnå dette, bør det etablerast ei kvalitetsnorm som forvalt­ninga styrer etter.

Kvalitet i forvaltninga vil gjere jegerane trygge på at bestandane ikkje vert over­beskatta når ein ved behov må ta ut fleire koller. Det krev gode modellerings­verktøy som syner effekten på bestandane.

Med ei økologisk og kunnskapsbasert forvaltning der ein legg opp til at jeger­ane tek rolla som «rovdyr», vil ein ha følgande praksis som sikrar ei forvalt­ning til hjortens beste:

Fellingsløyve vert gjeve i rikt monn på kalv, ungdyr og gamle dyr. Jegerane jaktar slik at dei beste dyra går att etter jakta. Balansert kjønnssamansetning, sunn aldersstruktur og utvikling av slakte­vekter er viktige styringsindikatorar. For å halde kontroll på populasjonen er av­skytinga av koller ein nøkkelfaktor som ein målast på.

Figuren skisserer samanhengen mellom kroppsvekt (blå) og gevirutvikling (oransje) målt etter tradisjonell berekningsmetode. I tillegg eit eksempel på korleis ein kan legge inn alder for å få ei økologisk poengberekning av geviret (grøn). Rektangelet syner aldersvindauget kor bukkar kan hevde seg i brunsten i ein naturleg bestand.

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev