Hopp til innhold

Kva kan Vegvesenet gjera for å redusera hjortepåkøyrsler?

15.12.2016

Denne artikkelen er gammel og informasjonen kan derfor være utdatert.

Hjorteviltet sitt møte med harde trafikantar har blitt eit aukande problem dei siste tiåra. Dette skapar store lidingar for dyra, økonomiske tap for samfunnet og utryggleik for trafikantane. Prosjektet Hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane i regi av Norsk Hjortesenter har funne ut at opne vegkantar reduserer talet hjortepåkøyrsler monaleg og at det også er mindre hjortepåkøyrsler i landskap med mykje grasmark. Resultata er viktige både for skjøtselen av vegkantar og for planlegging av nye veganlegg. Ei evaluering av tiltak utført av vegvesenet synte at siktrydding og ulike formar for viltgjerding sparte  mange hjorteliv.

Hjort og trafikk

Årleg vert ca. 700 hjort drepne i trafikken i Norge, men heile 1200 hjort vart registrert påkøyrt i 2013 (www. hjorteviltregisteret.no) og vi veit at mørketala kan vera store. Det er velkjent at risikoen for hjorteviltpåkøyrsler aukar med tettleiken av hjortevilt og trafikkvolumet på ein regional skala (Mysterud 2004; Seiler 2005) og at det er flest påkøyrsler om vinteren og i dei mørke timane (Solberg

mfl.

2009; Meisingset

mfl.

2014).Det er likevel ikkje slik at registrerte hjorteviltpåkøyrsler fordeler seg likt langs ei gitt vegstrekning sjølv om denne har tilnærma lik hjortetettleik og trafikkvolum. Dette kan til dømes bli påverka av hjorteviltet sitt habitatvalg for mat og skjul (Rivrud Godvik

mfl.

2009), kor hjorteviltet kryssar vegen (Meisingset

mfl.

2013) og trafikantane sine moglegheiter til å oppdage hjorteviltet avhengig av sikt og fart (Seiler 2005; Meisingset

mfl.

2014). Når ein skal gjere avbøtande tiltak lokalt, eller planlegge nye vegtrasear, er kunnskapen om kva som skapar auka risiko for hjorteviltpåkøyrsler av stor bruksretta verdi.

Kva undersøkte vi?

I prosjektet Hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane, der Norsk Hjortesenter fekk i oppdrag av Statens vegvesen og finne årsaker til hjortepåkøyrsler og evaluera tiltak utført mot hjortepåkøyrsler, prøvde vi 1) å svare på korleis landskapet si samansetning rundt vegtrasear påverkar mengda hjortepåkøyrsler og 2) å evaluere om siktrydding eller viltgjerde hadde redusert hjortepåkøyrslene på tiltaksstrekningar. Det første punktet ville kunne skapa kunnskap som kan nyttast i vegplanlegginga, og det andre punktet ville i tillegg kunne seia noko om effektiv skjøtsel og tilpassingar langs eksisterande vegnett.Data om hjortepåkøyrsler vart henta frå Hjorteviltregisteret og behandla ved hjelp av GIS. Landskapsundersøkinga blei gjennomført på vegkantskala («tiltaksskala») og landskapsskala («planleggingsskala»). Mengda skog og grasmark blei talfesta i landskapet rundt påkøyrslestrekningar for hjort på opptil 1 km lengde og kontrollområde med lik lengd i bufferar på 10 (vegkantskala), 100 og 1000 m (begge landskapsskala) rundt desse områda. Vi testa deretter den statistiske samanhengen mellom fordelinga av grasmark og tal hjortepåkøyrsler i dei ulike studieområda (grasmark var direkte negativt relatert til mengda skogmark) .Tiltaksevalueringa var basert på tre ulike tiltak gjennomført i Sogn og Fjordane i 2009 til 2013. Det fyrste tiltaket vi evaluerte var siktrydding på ei kort (600 m) strekning ved påkøyrslepunktet Brandsøy, i Flora kommune, det andre tiltaket var utviding av eksisterande viltgjerding (1.3 km til totalt 4 km) med tilhøyrande viltsluser ved Kaupanger i Sogndal kommune. Det tredje tiltaket vi evaluerte var punktbasert viltgjerding ved Ljøsne i Lærdal kommune for å flytte kryssing til meir oversiktleg stad. Vi rekna ut sparte hjorteliv etter tiltak i forhold til før og etter situasjonen på tiltaksstrekninga oppimot kontrollstrekningar, og rekna innsparinga for tiltaka per år også i kroner. [caption id="attachment_9425" align="alignnone" width="594"] Figur 1. Samanhengen mellom førekomsten av grasmark i prosent og tal hjortepåkøyrsler på vegkantskala (10 m buffer). Figuren er basert på gjennomsnittsverdiar på kommunenivå. Figurane for landskapsnivå (100 og 1000 m buffer) viste tilsvarande mønster.[/caption] [caption id="attachment_9424" align="alignnone" width="610"] Figur 2. Årlege tal hjortepåkøyrsler i perioden 2006 til 2013 i for tiltaksområdet Brandsøy, Flora kommune. Pila viser når tiltaket med siktrydding blei gjennomført og utviklinga i tiltaks- og kontrollområde.[/caption] 

Meir grasmark = færre hjortepåkøyrsler

Opne vegkantar førte til færre hjortepåkøyrsler. Figur 1 viser at fjerning av all skog i 10 meter bufferen rundt veg har som potensial å redusere hjortepåkøyrsler med om lag 50 %. Funnet underbygger at mengda av skog langs veg reduserer sikta og gjer vegen meir attraktive som kryssingspunkt for hjort (Meisingset

mfl.

2013; Meisingset

mfl.

2014). Meir grasmark på landskapsskala (100 og 1000m buffer) førte også til færre hjortepåkøyrsler. Vegar i ope landskap har altså generelt sett færre påkøyrsler enn dei som ligg i landskap dominert av skog.Då vi såg på kor i landskapet skog og innmark var plassert i forhold til påkøyrslestrekningane fekk vi eit interessant resultat. «Grasmark nedom og skog oppom» påkøyrslestrekningar auka nemleg talet hjortepåkøyrsler. Dette testa vi for å finne eit enkelt kriterium for vegplassering i område der det er kjent vinteropphald for hjort. Eit godt råd i planlegging av nye veganlegg er derfor å unngå kombinasjonen av innmark på nedside av veg og skog på oppside av vegtraseen så langt det let seg gjera.

Siktrydding og viltgjerding hjelper

Evalueringa vi gjennomførte viste at dei avbøtande tiltaka hadde fungert godt og spart både hjorteliv og samfunnet for kostnader. Ved Florø reduserte siktryddinga hjortepåkøyrslene med 44 % i 2010 til 2014 samanlikna med fireårsperioden før (Figur 2). Kontrollert for oppgangen i eit kontrollområde betyr dette at 4 hjorteliv blei spart kvart år. Dersom vi sette prisen på ein hjortepåkøyrsel til 50 000 kr, som er eit grovt overslag, så var dette tiltaket med ein kostnad på kr 35 000 spart inni løpet av eitt år.Viltgjerding var også svært effektivt. Løysinga med viltsluser i Kaupanger har spart 9 hjorteliv i året frå 2011 til 2014, oppimot kontrollstrekning, til ein kostnad på 450 000 kr. Viltgjerde med forflytting av kryssing til meir oversiktleg stad i Lærdal sparte nesten fire hjorteliv i løpet av vinteren 2013-2014, og det er ikkje registrert hjortpåkøyrsler i nærleiken av gjerdet på hjorteviltregisteret for vinteren 2014-2015 heller (dette tidsrommet var ikkje med i vår opphavlege evaluering). Total sett sparte dei tre evaluerte tiltaka frå 2009 til våren 2014 nesten 17 hjorteliv årleg og 51 hjortar totalt, tilsvarande ei innsparing på 2.55 millionar kroner for Sogn og Fjordane sine riksvegar.

Konklusjon

Vi kan konkludera at open vegetasjon langs vegkanten og i landskapet elles rundt veg og aktuelle strekningar for hjortepåkøyrsler i vinterområda kan redusera talet hjortepåkøyrsler vesentleg. Vi kan tilrå å nytte ressursar på både siktrydding og viltgjerding der slike tiltak passar med topografi og vegetasjon. Nye vegtrasear bør planleggast slik at dei tek omsyn til kor i landskapet vegen vert plassert og fordelinga og av innmark og skog på ulike romleg skala i landskapet, der ein mellom anna bør unngå «Grasmark nedom og skog oppom» vegen. Alternativt så bør avbøtande tiltak inn tidleg i vegplanlegginga.Mange stader på Vestlandet, den delen av landet med flest hjortepåkøyrsler, er det trass ganske open vegetasjon langs vegane likevel mange hjortepåkøyrsler. Langs slike strekningar er siktrydding lite aktuelt og viltgjerding ikkje alltid praktisk mogleg. Her må ein forsøke å utvikle andre skreddarsydde tiltak mot hjortepåkøyrsler.

 

Les meir

Hegland, S. J. & Hamre, L. N. 2014. Hjort og veg i Sogn og Fjordane: Evaluering av årsaker til hjortepåkøyrsler og avbøtande tiltak langs riksvegnettet i Sogn og Fjordane. Norsk Hjortesenter Fagrapport 1/14: 1-39. 

Referansar

  • Meisingset, E.L., Loe, L.E., Brekkum, O., Van Moorter, B. & Mysterud, A. (2013) Red deer habitat selection and movements in relation to roads. Journal of Wildlife Management, 77, 181-191.

  • Meisingset, E.L., Loe, L.E., Brekkum, Ø. & Mysterud, A. (2014) Targeting mitigation efforts: The role of speed limit and road edge clearance for deer–vehicle collisions. The Journal of Wildlife Management, 78, 679-688.

  • Mysterud, A. (2004) Temporal variation in the number of car-killed red deer Cervus elaphus in Norway. Wildlife Biology, 10, 203-211.

  • Rivrud Godvik, I.M., Loe, L.E., Vik, J.O., Veiberg, V.r., Langvatn, R. & Mysterud, A. (2009) Temporal scales, trade-offs, and functional responses in red deer habitat selection. Ecology, 90, 699-710.

  • Seiler, A. (2005) Predicting locations of moose-vehicle collisions in Sweden. Journal of Applied Ecology, 42, 371-382.

  • Solberg, E.J., Rolandsen, C.M., Herfindal, I. & Heim, M. (2009) Hjortevilt og trafikk i Norge: En analyse av hjorteviltrelatert trafikkulykker i perioden 1970-2007. NINA Rapport, 84 s.

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev