Rammene for haustens villreinjakt på Hardangervidda, i Raudafjell og i Nordfjella pregast av behovet for prøver til testing for skrantesjuke. Det er mål om å nå over 90 prosent sikkerheit for at bestandane er friske i 2019. For Hardangervidda kan det ta to år å komme opp i over 90 prosent.Kartlegging av skrantesjuke skjer gjennom hjerne- og lymfeprøver frå daude dyr. Det er spesielt viktig å få inn prøver frå vaksen bukk, fordi dei har større sannsyn for å vere smitta enn yngre dyr og simler. Slik sett er dei verdt meir i samanheng med friskmelding.Også i det nyoppretta Raudafjell villreinområde blir det gjennomført jakt. Av di ein ikkje har fått organisert og godkjent vald enno, vert det ikkje ordinær jakt. Miljødirektoratet har bestemt uttak av minimum 10 villreinbukk i regi av villreinutvalet.
Dispensasjon for tildeling av fellingsløyve på vaksen bukk
Miljødirektoratet har gjeve dispensasjon for å tildele fellingsløyve for kategorien vaksen bukk (2,5 år og eldre) i både Hardangervidda og Nordfjella villreinområder. Vedtaket som gjaldt Hardangervidda blei klaga til Landbruks- og matdepartementet (LMD). LMD har no behandla klagen og stadfestar Miljødirektoratets vedtak.
Kvote for fellingsløyve Hardangervidda
Villreinnemnda for Hardangervidda-området vedtok ei kvote på 6 000 vaksne villreinbukkar til årets villreinjakt, etter tilråding frå Hardangervidda Villreinutval. Dette vedtaket vart klaga inn til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet har no behandla klagen og stadfestar villreinnemnda sitt vedtak.
Endring av jakttid
Forslag om endra jakttid på bukk på Hardangervidda og i Nordfjella har vore på høyring, etter søknad frå villreinutvala i Nordfjella og Hardangervidda. Følgande endring av jakttida for villreinbukk er nå bestemt og fastsett i forskrift av Miljødirektoratet.Nordfjella: 01.08.19 til 30.09.19.Hardangervidda nord for Rv 7: 01.08.19 til 22.09.19Hardangervidda sør for Rv 7: 10.08.19 til 22.09.19 Vedlegg 1 Oppsummering av høring på endring av jakttider i Nordfjella og Hardangervidda villreinområderInformasjon om endring av jakttider på villrein i Nordfjella villreinområde og Hardangervidda villreinområde i 2019Avgjørelse av klage på kvotevedtak Hardangervidda villreinområde i 2019Avgjørelse i klagesak - dispensasjon fra hjorteviltforskriften - villreinjakt på Hardangervidda jaktåret 20192020