Folk drep før eller seinare dei fleste elgane. Mennesket er elgpredatoren. Elg burde difor sky folk som pesten. Me såg korleis GPS-merka elgkyr oppførte seg då dei vart støkka med kalv i juni, under jakta om hausten og korleis dei generelt sett oppførte seg med jegerar i jaktfeltet der dei var. Hovudkonklusjonen er at elgane freistar unngå folk ved å snika seg bort. Til og med då dei vart støkka, freista fleire å berre gøyma seg i nærleiken. Dei fleste lunta av garde eit par km og nokre få sprang opp til 8 km. Det verkar som om at elgane har lært seg å leva med rovdyr, rovdyret menneske. Dei sansar menneske so ofte at dei ville slite seg ut om dei kvar gong skulle sprunge langt. Difor tykkjest det vera best berre freista å løyna seg utan å gå langt når dei merkar folk. Våre data indikerer at redsla for at småviltjegerar skal jaga elgen ut or jaktfeltet er meir eit psykologisk fenomen enn ein realitet.
Datainnsamling
I Elgfôringsprosjektet måtte me i juni sjå om elgkyrne hadde kalvar. Om hausten freista me fella dei radiomerka kyrne og kalvane deira. Steffen Johnsen skaffa seg data til masteroppgåva ved å måla kor langt 32 GPS-merka kyr i Stor-Elvdal sprang då dei vart støkka i 2009 og 2010. Det vart teke ein posisjon kvar time. Steffen såg ogso i etterkant på i kva jaktfelt dei ulike elgkyrne stod – og samanlikna forflytningsavstandane til kyrne med og utan jegerar på elgjakt i jaktfelta. Jegerane hadde løyve til å fella dei GPS-merka kyrne og fekk litt godtgjersle om dei klara det.Me hadde soleis to sett med data. 1) Daglege forflytningsavstandar til GPSkyr når det var jakt eller ikkje jakt i jaktfeltet der dei oppheldt seg i, og 2) Dato og tidspunkt GPS-kyr vart støkka – og kor lang tid og avstand det var til der dei slo seg til ro.
Jegerar i terrenget
Eit jaktlag var ute for å jaga elg i jaktfelt med GPS-merka elgkyr som fritt kunne fellast. Me trudde dei ville kuta over alle fjell. Dei fleste veik berre litt unna, so lite at me oftast ikkje kunne sjå det av posisjonane som vart tekne med ein times mellomrom. Alt i alt gjekk kyrne 1,16 gonger lenger med jegerar i terrenget enn når der var ingen. Dette var ein statistisk sikker forskjell. Me tolka det slik at dei fleste veik unna, dei få som vart direkte støkka av jegerane sprang lenger og skapa forskjellen.[caption id="attachment_6615" align="alignnone" width="740"] Elgkyrne i undersøkjinga satsa på å ikkje verta oppdaga av folk. Foto © Steffen Johnssen/Hjorteviltet.[/caption]
Reaksjonar ved støkk
Alle elgkyrne stakk av då dei vart støkka. Inga ku freista jaga observatøren bort for å forsvara kalven . Det varierte mykje kor langt kyrne sprang. Det varierte mellom kyr, men det kunne ogso variera for den einskilde kua. Av og til gjekk ho langt, andre dagar kort. Nokre kyr freista berreå lura seg bort utan å springa. Gjennomsnittskua slo seg i juni til ro etter 1,3 km og 2 timar. Under jakta slo dei seg til ro etter 2,3 km og 3 timar. Ho som sprang lengst, flytta seg 8 km i luftline. Generelt sett minska avstandane kyrne sprang utover hausten.
Vår tolking
Vår tolking av resultata er at elgkyr unngår folk. Folk er farlege. Men dei er so vane med å registrera folk at dei kan ikkje halslaust springa kvar gong dei sansar folk i terrenget. Dei freistar unngå oss utan å verta oppdaga. Når dei vert oppdaga, freistar framleis nokre å lura seg bort. Dei fleste spring nokre km, nokre få opp til 8 km. Åtte km er ikkje langt korkje for elg eller langrennslauparar. Men etter berre 2-3 km er dei fleste elgar langt ut av jaktfeltet der dei vart støkka. Med dei elgtettleikane me no har, vil ein elg etter nokre km ogso ha passert mange elgar som jegerane kan verta villeia til heller å jakta på. Det er difor ikkje naudsynt å springa so langt. Hovudforfattar Steffen dreiv i sumar elgfeltarbeid ved Gardermoen. Der er mykje meir folk enn i Østerdalen. Han observerte at elgane der tolererte meir forstyrring før dei sprang, samanlikna med elgane i Østerdalen. Mange elgjegerar og grunneigarar stengjer jaktterrenget småviltjakt av di dei ottar for at elgane skal jagast ut or terrenget.Når elg oppdagar folk med fuglehundar, vil dei truleg oppføra seg som ved elgjakt, freista å unngå dei. Sidan dei fleste fuglejegerar og fuglehundar ikkje er ute etter elg, vil dei ikkje aktivt støkka elgane. Dermed er det mest sannsynleg at elgane som regel berre stikk seg litt vekk og er framleis i same jaktfeltet etter at fuglejegerane har gått vidare. Me finn det sannsynleg at med vanlege tettleikar av fuglejegerar i skogen, er problemet større i hovudet til elgjegerane enn ute i skogen. Det bør vera lite grunn til å stengja elgterreng for småviltjakt i forkant av elgjakta.
Fakta
32 GPS-merka elgkyr vart observerte i juni og i jakttida.
Dei freista lura seg bort utan å verta oppdaga. Når dei vart støkka, sprang dei i gjennomsnitt 1,3 km i juni og 2, 3 km i jakta. Same kua kunne springa langt eller kort.
Når det var elgjegerar i eit jaktfelt, gjekk dei GPS-merka kyrne 1,16 gonger lenger enn utan jegerar. Ei tilfeldig ku vart dermed merkeleg nok lite påverka av jegerane i jaktfeltet – sjølv om det heile tida var fare for å verta skoten.