Hopp til innhold

Underhaldande og lærerik høgtlesingsbok om elg

Julegavetips: Ny bok om elgen får toppkarakter frå både barn og vaksen.

12.12.2025 av Anne Olga Syverhuset

Jente som leser i boka Elgen. Foto.
Foto: Anne Syverhuset

Den nye boka Elgen – skogens konge av Ole Mathismoen og Roger Brendhagen lærer deg alt du lurer på om elg – og litt til. Boka er velskrevet, med et språk tilpassa barn. Her møter du ikkje uforståelege faguttrykk og framandord, berre god ordfly og spennande fakta. Boka er krydra med kuriøse historier om alt fra elgens stamfedre til historier om bruk av elg som trekkdyr. Den er i høgste grad lærerik og underhaldande også for vaksne som kan litt om elgen frå før.

Derfor er boka strålande som høgtlesingsbok! Den relativt tjukke boka blei pløgd gjennom som kveldslektyre på nokre kveldar heime hos oss, og eg trur vi båe gleda oss like mykje til å lese vidare.

Her er Alvilde på ni år si meining om boka:

Eg synest at boka Elgen skogens konge av Ole Mathismoen og Roger Brendhagen med teikningar av Esther Van Hulsen er ei veldig bra bok fordi den er skrevet på ein  god måte som gjer at boka er  morosam å lese. Den har også mange morosame fakta, som for eksempel at tipp – tipp – tipp oldefaren til elgen som kom frå Kina hadde fire meter lange horn! Og ikkje minst har ho fine bilete og teikningar!

Eg gir boka terningkast: seks!

Og det er mor einig i!

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev