– Det kviler eit stort ansvar på oss for å ta betre vare på villreinen i Noreg. Eg er svært nøgd med at vi i dag legg fram dei tre første tiltaksplanane for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområde. Tiltaka vi no presenterer vil betre tilstanden for villreinen i desse viktige områda, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Tiltaksplanane inneheld konkrete tiltakspakkar som er tilpassa utfordringane for villreinen i kvart enkelt område. I tillegg legg vi fram fem overordna tiltakspakkar med tiltak knytt til arealforvaltning, ferdsel og motorferdsel, villreinhelse, bestandsforvaltning og restaurering.
Planane byggjer på grundige faglege vurderingar frå lokale prosjekt, leia av utvalde statsforvaltarar. Ramma kommunar, fylkeskommunar og lokalbefolkninga har òg vore grundig involvert gjennom folkemøte, både før og medan planforslaga var ute på høyring.
– Innsatsen for villreinen er eit felles prosjekt der alle må bidra litt, men ingen skal bere heile børa åleine. Vi har fått gode innspel gjennom heile prosessen, som har gjort planane betre. Eg opplever at det er brei semje om å ta vare på villreinen i desse områda. No startar det viktige arbeidet med å gjennomføre tiltaka som trengst, og eg ser fram til vidare samarbeid med både lokale styresmakter og andre aktørar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Du kan lese tiltaksplanen for Rondane her