– Eg er glad for at me no har oppnemnt ei prosjektgruppe for reetablering av villreinen i Nordfjella, med tydeleg lokal deltaking. Skal me lukkast med å få villreinen tilbake til Nordfjella, er me avhengige av at lokale aktørar som villreinnemnda, villreinutvalet, tamreinlag og beitelag blir involverte, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Arbeidet med reetablering i Nordfjella tek no eit nytt steg framover med oppnemning av arbeidsgruppa. Det er viktig at vi no har brei semje om arbeidet framover, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Anette Stegegjerdet Norberg.
Prosjektgruppa
Prosjektgruppa består av:
Miljødirektoratet ved seksjonsleiar Kari Bjørneraas og fagdirektør Erik Lund
Landbruksdirektoratet ved seniorrådgivar Julie Vesterhus
Mattilsynet ved seniorrådgivar Julie Enebo Grimstad
Ordførarkollegiet i Nordfjella ved ordførar Pål Rørby
Koordinator Knut Arne Gurigard i reetableringa for kommunane i Nordfjella
Vestland fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune ved seniorrådgivar Snorre Waage i Vestland fylkeskommune
Lokal beitenæring ved leder i Hol sankelag, Jon Lilleslett
Miljødirektoratet skal leie prosjektgruppa i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Norsk villreinsenter Sør skal vere sekretariat.
Prosjektgruppa har ikkje avgjerdsmynde. Det er direktorata som tar dei endelege avgjerdene om kva tiltak som skal gjerast, innanfor deira respektive ansvarsområde.
Kunnskap og gjennomføring lokalt
For å bidra til ei vellukka gjennomføring, vil ei rekke lokale aktørar og forvaltningsorgan bli involvert fortløpande.
Miljødirektoratet skal, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, få på plass ein dagleg leiar for den praktiske gjennomføringa av reetableringa. Dagleg leiar skal ha lokal tilknyting, og skal saman med prosjektgruppa sikre tett involvering av sentrale aktørar som villreinnemnd, villreinutval, beitelag, reinlag, NRL, fjellstyre og DNT.