Hopp til innhold

Parykkhorn hjå hjortedyr

02.10.2018

Denne artikkelen er gammel og informasjonen kan derfor være utdatert.

– Den årlege utviklinga av geviret vert regulert av ulike hormon. I den normale gevirsyklus er ei auke i nivået av testosteron, det mannlege kjønnshormonet, i blodet nødvendig for å få stans i gevirveksten og normal feiing. Ved sjukdommar eller skadar i testiklane eller andre hormonproduserande organ, kan det oppstå parykkhorn som fylgje av forstyrring i hormonbalansen, seier Turid Vikøren, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.[caption id="attachment_11657" align="alignnone" width="450"] Parykkhorn oppstår som fylgje av forstyrring i hormonbalansen til dyret og kan årsaka problem for dyret dersom det vert for stort.. Foto: Turid Vikøren, Veterinærinstituttet[/caption]Parykkhorn er ei svulstaktig omdanning av geviret slik at det får ein parykkliknande utsjånad. Parykkhorna er kledde av hud, veks kontinuerleg og vert ikkje feia eller felt som normalt. Det vil altså ikkje falla av slik normale, feia gevir gjer kvart år.– Lidinga er mest vanleg på rådyrbukkar, men kan òg sjåast på elg og rådyrgeiter, og i sjeldne fall på rein, seier Vikøren.Ifylje Vikøren bør dyr med parykkhorn avlivast, sidan parykkhornet kan bli svært stort, betent og veksa nedover augo. Unntaket er rådyrgeiter der parykkhornet vanlegvis ikkje blir så omfangsrike som hjå hanndyr. Det er normalt ikkje  farleg å eta kjøt frå dyr med parykkhorn. Unntaket er dersom dyret er sjukt og det er alvorleg grad av betennelse i huda på parykkhornet (illeluktande vev og verk). I slike høve bør dyret undersøkast av veterinær, for å vurdera om det er egna som mat.

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev