Hopp til innhold

Nordfjella: Nytt program mot skrantesjuke (CWD) på villrein

11.09.2018

Denne artikkelen er gammel og informasjonen kan derfor være utdatert.

Den 8. mai 2018 inngikk Landbruks- og matdepartementet, Nordfjellarådet, Klima- og miljødepartementet, og ordførarane i Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol ein intensjonsavtale om felles kamp mot skrantesjuka (CWD).- Eg er svært nøgd med at vi har fått denne avtala på plass og ønsker utvalet lukke til i arbeidet med å utforme programmet, seier Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).Hovudmåla i avtalen er å:1. Behalde friske stammer av villrein og anna hjortevilt i Norge 2. Utrydde sjukdommen før han får fotfeste 3. Bygge opp att ei frisk villreinstamme i Nordfjella raskast muleg i tråd med vedtekne planarHeilskapleg programAvtalepartane vart samde om å sette ned ei gruppe som skal lage eit utkast til eit heilskapleg program for det vidare arbeidet. Gruppa, som vert kalla programutval for skrantesjuke, er samansett av representantar frå kommunane og statenUtvalet skal ha fire arbeidsmøter fram i mot jul og programmet skal ferdigstillast innan utgangen av 2018.

Programutvalet for skrantesjuke

  • Steinar Bertelsen, leiar for Nordfjellarådet

  • Lars Nesse, CWD-koordinator

  • Rådgjevar i Lærdal Kommune Alf Olsen Jr

  • Leiar av viltseksjonen i Miljødirektoratet Knut Morten Vangen

  • Seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet Anne Marie Jahr

  • Stein Ivar Ormsettrø frå Landbruks- og matdepartementet

  • Espen Fjeldstad frå Klima- og miljødepartementet er leiar i utvalet

  • Karen Lone frå Miljødirektoratet er sekretær i utvalet

(Pressemelding frå Klima- og miljødepartementet 09.09.18)

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev