– Det er eit stort ønske og engasjement lokalt for å få villreinen tilbake til Nordfjella. Eg er glad for at me no set i gang arbeidet med å få dette til på ein trygg og god måte. Det er ei stor og krevjande oppgåve, men målet er å få villrein frå Nordfjella sone 2 over til sone 1 allereie til vinteren, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Skrantesjuke
Vinteren 2017/2018 vart heile villreinbestanden i Nordfjella sone 1 avliva etter at det året før vart påvist skrantesjuke. Sone 1 omfattar området nord/nordaust for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Reetableringa skal skje med villrein frå Nordfjella sone 2, som er sør/sørvest for fylkesvegen.
– Eg er glad for at me no kjem vidare med å reetablere villrein i Nordfjella sone 1. Det har vore viktig å leggje stor vekt på dei lokale ønska og fleirtalet i arbeidsgruppa i avgjerda om reetablering, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Skrantesjuke (CWD) er den mest alvorlege og smittsame sjukdommen som er påvist hos hjortedyr i Norge.
Gjerde og overvaking
Målet har heile tida vore å få villreinen tilbake. I april leverte ei arbeidsgruppe ein plan til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Myndigheitene skal basere arbeidet på råda til arbeidsgruppa.
Tiltaka som no vert igangsette er mellom anna:
Dialog om sperregjerde med grunneigarar.
Forsterke gjerdet langs riksveg 52 for å halde villrein og tamrein frå kvarandre
Fjerne sperregjerdet mellom sone 1 og 2 for å få dyr over frå sone 2 til sone 1. Deretter skal det setjast opp eit nytt gjerde for å halde villreinflokkane frå kvarandre fram til sone 1 er friskmeld.
Følgje opp sikring av salteplassar.
Sørgje for overvaking og kontroll med meir teljing av villrein, GPS-merking og testing, og betydeleg innsats i felt.
Det er Miljødirektoratet, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, som koordinerer arbeidet.