Hopp til innhold

Framleis viktig med prøvetaking for å kartleggja skrantesjuke blant hjortedyr i Noreg

I 2023 vart 14 218 hjortedyr testa for skrantesjuke. Veterinærinstituttet drifter overvåkingsprogrammet for sykdommen, på oppdrag frå Mattilsynet.

06.06.2024 av Veterinærinstituttet

Etter at skrantesjuke blei oppdaga i Noreg i 2016 har Veterinærinstituttet analysert over 177 000 prøvar. Foto: Olav Strand

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease – CWD) vart påvist i Noreg våren 2016, og sidan då er det brukt mykje ressursar på kartlegging.

– Målet er å kartleggja førekomst og geografisk utbreiing av klassisk og sporadisk skrantesjuke. Dette er nødvendig for at forvaltninga skal kunna setja i verk gode tiltak for å avgrensa eller nedkjempa denne sjukdommen, seier seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet Jørn Våge.

– Den omfattande overvakinga gjer at me no med rimeleg tryggleik veit at CWD ikkje er utbreidd med høg førekomst blant hjortedyr i Noreg, samtidig som det er høgst sannsynleg at smitta dyr finst på Hardangervidda. Framleis er prøvetaking er heilt avgjerande for å kartleggja eventuelt låg førekomst av sjukdommen, fortel han.

I overvakingsprogrammet for skrantesjuke (CWD) i 2023 kjem det fram at totalt i perioden 2016-2023 er klassisk CWD påvist hos 21 villrein og atypisk/sporadisk CWD er påvist hos 12 elgar og tre hjortar.

Les hele rapporten her

Les mer om CWD her

Nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrevet vårt? Vi sender ukentlige oppdateringer med det siste fra Hjorteviltportalen.

Meld deg på nyhetsbrev