Dette kjem fram i ei undersøking gjort av Veterinærinstituttet på oppdrag frå Aluminiumindustriens Miljøsekretariat (AMS).– Studien viste at graden av fluorbelasting hjortevilt varierte mellom dei forskjellige aluminumsverka. Fluorbelastinga såg ut til å vera påverka av lokal topografi, meteorologiske tilhøve og nivå og type fluorutslepp, seier fagansvarleg for vilt ved Veterinærinstituttet, Turid Vikøren.Ho legg til at det blei påvist fluorbelasting og fluorose hjå hjortedyr ved alle verk, men av svært varierande omfang og alvorsgrad.
Utslepp kan gi fluorskadar
I utslepp frå aluminiumsverk er det ulike mengder fluor, både som gass og i partiklar (støv). Små mengder fluor er bra for tannhelsa, men større mengder kan årsaka skadar. Dyr får i seg fluor ved å beita på ureina planter rundt aluminiumsverka.[caption id="attachment_14258" align="alignnone" width="610"] Bileta visar flourose på tenner hjå hjortedyr. Foto: Turid Vikøren[/caption]- Hjortedyr er svært sensitive og gode indikatorar på fluorbelasting. Inntak av auka mengder fluor vil akkumulera i beinvevet og kan årsaka kronisk fluorforgifting, også kalla fluorose, seier Vikøren.Fluorskadar ser ein som skadar på tenner (dentalfluorose) og i skjelettet (osteofluorose). Dyr med alvorleg fluorose vil li og representerar eit brot på god dyrevelferd.
Variasjon i fluorbelasting
Høgast fluorbelasting blei påvist hjå hjortedyr i Årdal i eit område på omlag 13 km frå verket. DEt var også høg fluorbelasting inne på verksområdet til Hydro Karmøy.Dyr skotne meir enn 1 km frå verket på Karmøy, var lite belasta, truleg på grunn av rask uttynning av utsleppa i det flate, vindfulle landskapet.I Sunndal var det moderat fluorbelasting med mild fluorose i nedre halvdel av Sunndalen. På Husnes var det tilsvarande moderat fluorbelasting i eit område innanfor 3 km frå verket. Belastinga av fluor var generelt låg ved Alcoa Lista, med nokre få unntak.- Resultata er ei spesiell påminning om at planteetande vilt og husdyr som lever svært nær eit aluminiumsverk kan utvikla alvorleg fluorose, understrekar Vikøren.Veterinærinstituttet gir i rapporten også råd om vidare overvaking og ulike tiltak som kan vera aktuelle for å hindra alvorleg fluorbelasting.Du kan lesa heile rapporten herLenke til Aluminiumindustriens Miljøsekretariat (AMS)
Bakgrunn
Dersom vi går nokre tiår attende i aluminiumindustien si historie, var fluorose hjå husdyr som levde rundt smelteverka eit stort problem. Mange hugsar kanskje bileta av dei daude, fluorskadde furuene i Vettismorki i Årdal – eit svært synleg teikn på dei negative effektane av moderne industri.Sidan den tid er det gjort store framsteg innan produksjonsteknologi og rensesystem for å få ned fluorutsleppa. Men framleis er desse utsleppa så høge, at dei årsakar fluorose hjå enkelte individ av planteetande dyr som lever i nærområda til nokre av verka.Auka aluminiumsproduksjon vil gi auka fluorutslepp, med mogelege effektar på omkringliggjande miljø. Vi har i dag sju aluminiumsverk i Noreg.