Hopp til innhold

Elg Forskning Forvaltning Hjort Hjorteviltet

Om fôring av klauvilt – ein litteraturgjennomgang

Artikkelen er hentet fra hjorteviltet-logo.png
Om fôring av klauvilt – ein litteraturgjennomgang
I Austerrike vert store delar av hjortebestandane lokka inn bak gjerde av fôring heile vinterhalvåret. Foto: Karoline Schmdt

Fôring vanlegare

Ettersom storviltbestandane i Europa og Nord-Amerika har auka, ser folk ogso ulemper med tette viltbestandar. Hovudproblema har vore skadebeite på innmark og ungskog, trafikkulukker og for hardt beite på arter som er viktige for det biologiske mangfaldet. For å minska ulempene utan å redusera viltbestandane, har mange byrja å fôra. Me har gått gjennom all tilgjengeleg litteratur for å sjå om forvaltarane som fôra, nådde måla med fôringa og om fôringa hadde andre, ikkje planlagde, fylgjer. Me brukte internasjonale vitskaplege databasar, men prøvde ogso å finna andre undersøkjingar som er publisert som nasjonale rapportar. Det kom to litteraturoversikter
tidleg på 2000-talet og me har difor sett på undersøkjingar etter år 2000. Me har brukt berre undersøkjingar der ein kan samanlikna mellom fôring og kontrollgrupper utan fôring enten på individnivå eller der bestandar kan skiljast i rom eller tid. Me såg på måla for fôringa, laga hypotesar for kva som kunne skje, og såg kor mange av undersøkjingane som støtta eller motsa hypotesane. Tilsvarande danna me hypotesar for kva ikkje planlagde fylgjer fôringa kunne ha. Og me såg kva undersøkjingar som støtta eller avviste hypotesane. På denne måten kunne me få ut meir allmenn kunnskap enn frå berre ei undersøkjing ein stad.

Verknader av fôring på bestanden (demografiske verknader)

Fem av 6 studium viste at fôring gjennom vinteren reduserte vekttapet til dyra gjennom vinteren Dyra opprettheldt dermed meir kroppsreservar som ei forsikring mot uventa harde vintertilhøve. Vidare viste 5 av 5 studium ingen verknad av vinterfôringa på slaktevekta til vaksne individ fylgjande haust. Haustvekta er altso meir avhengig av kvaliteten på sumarfôret enn av kor mykje vekt dyra miste føregåande vinter. Ein del fôra hodyr fekk kalv og hadde lågare haustvekter enn ufôra hodyr som miste kalven. Ekstra fôr som vert gjeve om vinteren går hovudsakeleg til å auka reproduksjonen. Fire av 6 undersøkjingar viste at fôra hodyr auka kalveproduksjonen. I undersøkjingane der kalveproduksjonen ikkje auka, hadde hoene frå før god nok beitetilgang, dei trong ikkje ekstra fôr.

Fôringa heva bereevna, og bestandane auka om dei ikkje vart begrensa av jakt eller anna. Ingen studium fann indikasjonar på at fôring endra genetikken i bestanden ved at fleire svake individ overlevde.

Når ein som i Skottland utan tele eller snø fôrar hjort, vert bakkevegetasjonen trakka sund. Foto: Torstein Storaas

Når ein som i Skottland utan tele eller snø fôrar hjort, vert bakkevegetasjonen trakka sund. Foto: Torstein Storaas

Verknader på oppførsel

Ved matmangel trekkjest storvilt mot der dei finn fôr. Det fins døme på at tradisjonelle trekk har slutta ved hjelp av fôring og gjerding. I Skandinavia har ein likevel ikkje lukkast i å stoppa elg i sumarområde ved byrjinga av tradisjonelle trekkruter med fôring. Mange ulike tilhøve, ikkje berre fôrtilgang styrer trekket. Inne i vinterområda har ein derimot klart å konsentrera deler av bestandar i bestemte område gjennom fôring. Leveområda til dei fôra dyra har vorte både større, mindre og uendra, men dei oppheld seg mest nær fôringsplassane. Sannsynlegvis var ikkje desse fôringsplassane slik laga at dei tilfredsstiller alle dei næringsmessige eller oppførselsmessige behova til dyra. Det fins vitskaplege artiklar som viser at fôring held dyr borte frå trafikken, men resultata er litt usikre og nye undersøkjingar bør utførast.

Verknader på vegetasjon og økosystem

Beitedyr påverkar vegetasjonen. Når mange beitedyr samlar seg rundt fôringsplassar, påverkar det plantearter og vegetasjonsstruktur, insektarter og småfugl. Vegetasjonen kan verta sundtrampa. Om dette aukar eller minskar det biologiske mangfaldet er avhengig av kva romleg skala det vert studert på. Ved fôringsplassen kan det verta mindre, men bakkevegetasjonen får mykje gjødsel som urin. Og sett i ein landskapsskala kan konsentrasjon av dyra skapa større variasjon. Utan fôring ville beitet vore hardare, men med hardare beite ville bestanden vorten redusert. Det vert dermed vanskeleg å skilja verknaden av det å fôra og det å ha ein tett bestand. Kva ein fôrar med påverkar ogso kva behov dyra har for anna føde.

Kva fôr ein tilbyr storviltet ser ogso ut til å påverka om ein klarar å trekkja det vekk frå ungskog eller avlingar. Ulike storviltarter stiller ogso ulike krav til fôrkvalitet. Europeisk bison er lite selektiv i kva han et og kan dermed lett styrast av fôring. Elgen plukkar det beste, og dårleg silofôr er ikkje nok for å trekkja han bort frå furuungskog. Anna fôrblandingar eller kombinasjonar av næringsemne vil i teorien kunna klara det.

Sjukdom og parasittspreiing

Sjukdomar som vert overført direkte frå dyr til dyr på den tida ein fôrar, vil lett verta overført ved fôringsplassar der mange dyr samlast. Det er sannsynleg at sjukdom før eller seinare vert spreidd ved fôringsplassar. Sidan dei byrja fôra wapitihjort ved Jackson Hole i 1912 har økologar venta på sjukdomskatastrofe. Dei ventar framleis. Men før eller seinare vil det nok koma ein epidemi og død. Velfødde dyr på fôringsplassar kan samstundes verta meir motstandsdyktige enn utmagra dyr mot ei rekkje sjukdomar som gjev immunitetsreaksjonar.

Kvilthalehjort et utlagt kveite i Canada. Foto: Ryan K. Brook

Kvilthalehjort et utlagt kveite i Canada. Foto: Ryan K. Brook

Å fôra eller ikkje

Ei rekkje viltforvaltarar lurer på om dei skal fôra hjortevilt eller ikkje. I Noreg vert bestandstettleikane regulert gjennom jakt. Bestandane vert dermed vanlegvis haldne på nivå der vekter og reproduksjon er ganske bra. Basert på vår kunnskap om norsk hjortevilt og hjorteviltforvaltning samt litteraturgjennomgangen har me sett opp ei liste med punkt forvaltarar av storvilt bør gå gjennom før dei bestemmer seg for om dei skal starta fôring eller ikkje.

1) Vinterfôring kan leggja grunnlag for tettare og meir produktive hjorteviltstammer om då ikkje bestandane vert so tette at det vert konkurranse om sumarfôret.

2) Den direkte kostnaden ved fôring er jamt over langt lågare enn dei ekstra inntektene, difor er fôring vanleg mange stader.

3) Fôring i sumarområda eller trekkvegane før trekk om hausten vil truleg ikkje hindra at hjorteviltet trekkjer til
vinterområda.

4) Innan eit tradisjonelt vinterområde kan ein ved fôring styra kvar hovuddelen av hjorteviltbestanden held seg mesteparten av tida, men ein kan vanskeleg styra viltet bort frå skadebeiting som på ung furuskog (elg) eller avlingar på innmark (hjort).

5) Fôring og trafikk. Når ein fôrar i eit vinterbeiteområde, trekkjer ein viltet mot fôringsplassane. To av tre undersøkjingar av vilt og trafikk tyder på at fôring fører til ei halvering av påkøyr slane. Samstundes fører fôring til auka bestandar som igjen fører til fleire påkøyrslar. Fleire undersøkjingar trengs for å trekka klare konklusjonar.

6) Konsentrasjon av mange dyr på same fôringsplassane år etter år fører til endringar i plante- og dyreliv nær fôringsplassane. Det vert tilført mykje nitrogen som planter kan nytta. Samstundes vert alt som stikk opp over snøen av attraktive beiteplanter beita bort og ogso mindre attraktive planter kan verta skadebeita. Dette påverkar kva planter, insekt og fuglar som likar seg nær fôringsplassar.

7) Fôrkvalitet. Me veit ikkje nok om korleis fôrkvalitet og utføringa av fôringa påverkar oppførselen til dyra og beitet på vegetasjonen. Når hjortevilt vert fôra, beitar dei ogso på vegetasjonen i området rundt. Dette kan vera fordi tilleggsfôret ikkje inneheld alt dyra treng. At dei hardt beita områda utvidar seg over tid kan tyda på det. Det kan ogso vera slik at hjorteviltet likar å gå omkring i eit større område eller at berre delar av bestanden samlar seg ved fôringsplassane. Silofôr er godt nok til at kvistetaren elg klarar halda vekta om vinteren. Likevel trur me at godt og variert fôr tilbode over eit litt større fôringsområde, vil bidra til mindre generelle beiteskadar i ein større region. Her trengst forsøk.

8) Fôringssystem. Det er føreslått at den optimale fôringsstrategien for å minska mogelege skadar er å oppretthalda usikkerheita i fôrtilgangen i rom og tid. Dei meiner at fôret skal gjevast til viltet på ulike stader, til ulike tider med eit tilfeldig mønster. Om dette er aktuelt for norske forvaltarar er usannsynleg, det verkar tungvint og dyrt. Likevel ville utspreidd fôring etter eit rotasjonssystem minska risikoen for skadeverknader. Det ville vore fint om nokon ville prøva det ut. For å lukkast med å påverka storviltet sine opphaldsstader med avleiingsfôring må viltforvaltarane konstruera fôringsplassar som tilfredsstiller alle krava til storviltet.

9) Fôring og skadebeiting. Fôring i seg sjølv fører vanlegvis ikkje til skadebeiting. Vanlegare er skadebeiting når det er mykje vilt, lite fôr og når det tilførde fôret er av dårleg kvalitet. Det er gjerne rundt 10 gonger meir tilgjengeleg fôr i ubeita enn i heilt nedbeita barskog. Det kan gjerne vera lettast å verta samde om å fôra elg dersom det er store beiteskadar som viser fôrmangel. Men når skogen fyrst er nedbeita, skal det veldig lite beitepress til for å halda nede skogforynginga. Når det er hardt beitepress på skogen, bør forvaltarane sterkt vurdera fyrst å redusera elgbestanden. Når produksjonen av kvist i skogen har teke seg ordentleg opp etter få år, kan dei so vurdera fôring og atter auke av elgstamma. Fôring vil truleg vera mest nyttig når det på skogen ser ut som om at det er unaudsynt med fôring! Fôret må helst smaka betre enn furu, og mengda ein fôrar med må tilpassast det viltet vil eta.

10) Sjukdom og parasittar. Dei fleste sjukdomar og parasittar spreier seg lettare i tette bestandar. Nokre sjukdomar kan spreia seg når dyr samlast på fôringsplassar om vinteren. Forvaltarane må vera merksame på at sjukdom kan koma og vera førebudde på at bestandane i so fall kanskje må skytast ned til eit langt lågare nivå. Kor stort problem dette vil vera, veit ein fyrst når sjukdomen er der.

11) Etikk. Det er ulike meiningar om det er rett å fôra vilt. Nokre meiner det er plikt sidan mennesket har øydelagt leveområda til viltet. Andre meiner det er uetisk sidan det gjer ville dyr tamme. Dei meiner at det ville i villdyra forsvinn og at ville dyr dermed vert mindre verdt. Før ein byrjar fôra bør dette temaet drøftast.

12) Organisering. Fôring har fungert best og vore mest lønsamt ved større program på bestandsnivå. Om nokon ynskjer fôra, bør dei leggja stor vekt på å samla heile bestandsplanområdet bak fôringa. Jaktrettshavarane i heile området bør semjast om bestandsplan og reglar for fordeling av kostnader og reglar for eventuell avslutning av fôringsprogrammet.

13) Avslutning. Konsekvensane av å avslutta store fôringsprogram er ikkje undersøkt. Større fôringsprogram kan syta for store deler av vinterfôret til ein hjorteviltbestand. Dersom fôringa sluttar, vil det føra til fôrmangel og stort beitepress på tilgjengeleg vegetasjon. Det verkar heilt innlysande at ein ved avslutning av fôringsprogram fyrst må skyta ned bestanden, deretter slutta fôringa. Fôring av vilt er eit hjelpemiddel som kan brukast under bestemte tilhøve for å nå fastsette mål i ein vedteken plan. Ved å gå gjennom og drøfta punkta over, kan det vera lettare å vurdera mange sider ved hjelpemiddelet og koma fram til om det kan vera lurt å fôra i eige område.

LES MER I
Milner, J. M., K. T. Schmidt, R. K. Brook, F. M. van Beest og T. Storaas. 2014.Oppdragsrapport nr 1, 2014 – Høgskolen i Hedmark, http://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/133721 . Der kan interesserte sjå referansar til undersøkjingane me viser til.