Hopp til innhold

Hjortejakt

Kvifor jaktar vi hjort?

Jakt og fangst var grunnlaget for busetjinga i landet då dei fyrste menneska slo seg til her etter som isen trekte seg attende etter siste istida. Seinare etter at jordbruket vart innfør har framleis jakta og anna hausting frå naturen vore viktige matressursar heilt fram til nyare tid.

Jakt og fangst var opprinneleg sjølve grunnlaget for busetjing i Norge. I europeisk historie er landet vårt seint utvikla og hausingskulturen står framleis sterkt i Norge. Foto: Egill J. Danielsen.

Skinn og andre delar av dyra har og vore ressursar som har vore tekne vare på og nytta til ulike føremål. Det er såleis ikkje lenge sidan ein var avhengig av jakt, fangst og anna hausting frå utmarka for å overleve. Instinkta til å gjere dette ligg godt nedarva hjå dei aller fleste som difor finn glede ved å kunne hauste frå naturen anten det gjeld bærplukking, fisking, jakt eller anna.

I dag er vi ikkje avhengige av jakt for å overleve, men jegrane er kulturberarer og hjorten som mat- og gourmetressurs har aukande verdi. Foto: Egill J. Danielsen.

Sjølv om ein i dag ikkje er avhengig av jakta for å overleve og at den no kanskje har størst verdi i rekreasjonsmessig samanheng utgjer det framleis ein betydeleg matressurs som kjem til nytte og glede på mangt eit bord.

Dagens hjortejegerar er såleis viktige kulturberar som ivaretek tradisjonar som har vore grunnleggande for busetjinga i landet.

Hjorten er ikkje utsett for predasjon frå rovdyr av noko omfang. Gaupe og jerv kan i einskilde område ta noko hjortekalvar, men dette er ikkje av eit omfang som har betyding for bestandsutviklinga.

Ein liten del av dyra døyr av naturlege årsaker, men ein reknar i dag at 95 % av hjorten døyr av ei kule. Jakta er såleis heilt avgjerande for bestandsreguleringa og utan den ville ein ha hatt store svingingar i beitegrunnlaget og hjortebestandane.

Samfunnsmessig betyding

På byrjinga av 1900-talet var hjortebestandane sterkt reduserte både i storleik og utbreiing. Dette grunna både hardt jaktpress og sterk utnytting av utmarka i jordbruks messig samanheng.

Seinare med omlegging i jordbruket frå 1970-talet og utover med langt mindre utnytting av utmarka enn tidlegare og regulering av jakta har hjortebestandane vakse kraftig både i storleik og i utbreiing. Den største veksten har vore sidan byrjinga av 90-talet og fram til i dag.

I 1990 vart det felt om lag 10.000 dyr medan det i 2010 vart felt over 39.000 dyr. Hjorten er framleis i ekspansjon både sør, aust og nordover. Vestlandsfylka og delar av Sør-Trøndelag er framleis å rekne som «kjerneområda» for hjort sjølv om det i dag vert jakta hjort over størstedelen av Sør-Norge og langt nord i Nordland fylke.

Foruten kjøtverdien, kulturhistorien og rekreasjonsverdien, inneberer hjortejakta meistringskjensle og livskvalitet for 40.000 jegrar. (Foto: Egill J. Danielsen)

Hjorten utgjer ein betydeleg ressurs som kjøtprodusent der ein reknar at det årlege utbytet frå jakta i dag utgjer om lag 2000 tonn kjøt. Førstehandsverdien av kjøtet er over 200 millionar kroner.

Mange grunneigarar har og inntekter frå jaktutleige, utleige husvære og tilrettelegging, transport m.v. Tilreisande jegerar legg mange stader og att ein god del verdiar gjennom kjøp av varer og tenester utanom sjølve jakta. Dette kan vere viktige i mange mindre lokalsamfunn. Det er såleis betydelege økonomiske verdiar knytt til hjortejakta.

I fylgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er det over 40.000 jegerar som årleg jaktar hjort. Mange av jegerane har og barn og andre familiemedlemar med på jakt så det er såleis eit stort tal personar som er involvert i hjortejakta. For desse betyr hjortejakta i tillegg til å kunne hauste av naturen tilgang til spanande jaktopplevingar, sosialt samvære i jaktlaga, god mosjon og mange gode naturopplevingar utanom sjølve jakta. Hjortejakta er såleis ei viktig rekreasjonskjelde og arena for sosialt samvere  for mange.

Jaktformer

Jakta vert utøvd på fleire måtar, og ein kan skilje dei i hovudformene – drivjakt, smygjakt og posteringsjakt. I einskilde område vert mykje av dyra felt på innmark.
Bruken av dei ulike formene varierar med terrengtilhøve og til ein viss grad tradisjonar.

Hjorten er sky og bevegar seg raskt i ulendt terreng og tett vegetasjon og difor ofte krevjande å jakte. For at jakta skal lukkast krev det god kunnskap om terrengtilhøve, trekkvegar og korleis vinden oppfører seg i terrenget.

Drivjakt

Tradisjonelt vert dette gjort ved at ein utifrå vindretning set ut postar på trekkvegar og andre strategiske plassar der dyra vil måtte passere og så går (driv) gjennom terrenget med jagarar (drivarar) mot postane.

Drivjakt etter hjort

Drivjakt etter hjort foregår ofte ved at ei driverrekke beveger seg mot postjegrar i skogen. Mange føretrekk å bruke signalvest for auka synligheit. Foto: Egill J. Danielsen.

Denne jaktforma vert mest nytta i kupert terreng der hamrelag og andre terrengformasjonar naturleg sperrar og styrer dyra mot postane. I lange og bratte vestlandslier kan det ofte vere vel så krevjande å sitje på post som å drive då ein mange stader må gå både langt og klatre høgt for å kome i posisjon på dei beste postane.

Korleis ein gjennomfører sjølve drevet varierer ein del. Nokre brukar mange drivarar og tette drivrekkjer, medan andre brukar færre jagarar som driv ei form for smygjakt mot postane. Dette er mest effektivt der ein kan drive mot vinden utan at dyra får veret av postane. I slike drev kan jagarane støkke dyr til kvarandre og det er ikkje uvanleg at jagarane kan felle dyr under drevet.

Smygjakt

Her bevegar einskild jegeren seg mest mogeleg lydlaust mot vinden gjennom terrenget for å prøve å kome innpå dyra. Dette er ei spanande og krevjande jaktform som for å lukkast set store krav til jegeren. Kjennskap til terrenget og korleis vinden oppfører seg ved ulike tilhøve er viktig i så måte.

Denne jaktforma kan nyttast i dei fleste terreng, men er nok mest effektiv og nytta i meir småkupert og ope terreng. Her vil ein frå frå kollar og høgdedrag kunne observere dyr i terrenget for så å freiste å smyge seg innpå dei.

Under smygjakt er det ein del jegerar som nyttar bandhund og med god kommunikasjon mellom jeger og hund vil jegeren her få forvarsel om det er dyr i nærleiken.

Smygjakt på hjort

Ved smygjakt kan kamuflasje hjelpe. Det viktigaste er likevel å bevege seg stille og mot vinden. Foto: Egill J. Danielsen.

Posteringsjakt

Foregår ved at ein posterar ved trekkvegar, innmarksareal eller stader med god oversikt for så å vente på at hjort skal passere. Posteringsjakt kan nyttast i all slags terreng.

Posteringsjakt

Posteringsjakt kan foregå i posteringsbu eller på egnea plass i terrenget. Gjerne i nærleiken av ei trekkrute eller eit beiteområde. (Foto: Egill J. Danielsen)

Innmarksjakta (bøjakt) som mange stader er ei viktig jaktform på hjort vert gjort som  posteringsjakt. Hjorten beiter oftast på innmark om natta og jegerane posterar ved innmarksareala og på trekkvegar til og frå innmarka kveld og morgon.

Ein god del hjort vert og felt på innmark om natta ved fullmåne. Forutan at månen må vere nærast full må det vere klårt ver og aller helst litt snø eller rim på bakken. Når dette klaffar kan det vere gode lystilhøve på opne jorder sjølv midt på natta.

 

Bruk av hund på hjortejakt

I dei «tradisjonelle» hjorteområda på Vestlandet er det lite tradisjon for bruk av hund under jakt. Dette er i endring og det vert no meir vanleg å bruke hund til hjortejakt, noko det er fleire årsaker til.

Ei av årsakene er at hjorten har innteke delar av landet der bruk av hund har vore vanleg til elg og rådyrjakt og at jegerane her overfører sine jaktmetodar til hjortejakt. Jegerar som er vant til å bruke hund til jakt leiger og jakt i dei meir tradisjonelle hjorteområda og tek med seg sine jaktmåtar samt at jegerane her ser nytten av å kunne bruke hund.

Bruk av hund på hjortejakt er tradisjonelt ikkje utbreidd i kjerneområda for hjort. Men impulsar frå mellom anna rådyrjakta gjer no at hund vert stadig meir nytta også på Vestlandet. (Foto: Egill J. Danielsen)

Kravet om godkjend ettersøkshund har og bidrege til meir bruk av hund då mange jegerar som skaffar seg hund til ettersøk og ser nytten av å kunne bruke denne under jakta.

Hund vert no nytta til hjortejakt i dei fleste former. Under drivjakt er det ikkje uvanleg å ha med bandhund og støtande hundar under drevet. Einskilde jaktar med laushund som på elg, medan andre jaktar med drivande (laust på drevet halsande) hundar som på rådyr. Mange nyttar og bandhund under smygjakt.

Tradisjonelt er det ofte små vald/jaktterreng på Vestlandet og ved bruk av drivande hundar kjem desse ofte inn på naboterreng noko som i mange tilfelle har ført til konfliktar. Dette skuldast i mange tilfelle ofte lite kunnskap om og forståing av korleis jakt med drivande hundar foregår. Jegerane har likevel eit stort ansvar for å unngå slike konfliktar og må tenkje seg om før ein slepper hund. Ikkje alle terreng er eigna for jakt med drivande hundar.

Korleis kome seg på hjortejakt?

Med over 50.000 tildelte fellingsløyve på hjort i året skulle ein tru det var enkelt å få tilgang til hjortejakt. Men det er ikkje så mykje av hjortejakta som er tilrettelagt for utleige. Dette gjeld særskilt om ein ynskjer ei enkel jakt for ei helg eller ein kortare periode.

Mykje av jakta vert utført av grunneigarar og deira familie og omgangskrets. For å få innpass på desse jaktlaga er ein ofte er avhengig av personlege kontaktar inn i jaktlaga.

Jakta disponerast mange plassar av grunneigar, famile og vener. (Foto: Egill J. Danielsen)

Ein del slike jaktlag tilbyr å vere med i jaktlaga som «gjestejeger» for kortare eller lengre periodar. Ved leige av slik jakt vil ein kunne vere med i eit etablert jaktlag og dra nytte av deira lokalkjennskap. Ein vil då kunne få ei effektiv jakt i ukjent terreng utan å måtte nytte altfor mykje tid til å gjere seg kjend i terrenget.

Heldigvis er det og etterkvart ein del utleigarer som organiserer og tilbyr tilrettelagt jakt. Desse kan ofte tilby ulike grader av tilrettelegging med alt i frå «full pakke» der guiding, overnatting, forpleiing og ivaretaking av jaktutbyte inngår til berre tilgang til terreng og fellingsløyve.

Ein del tilbydarar leiger ut heile eller delar av jakta si då ofte for fleire år om gongen. Slik utleige eller ynskje om å leige jakt vert ofte formidla gjennom annonser i lokalpresse, men ein del vert annonsert gjennom meir sentrale kanalar. Statskog, fjellstyrer og nokre andre tilbyr jaktleige gjennom nettstaden inatur.no.

 

Formelle krav

For å kunne delta på hjortejakt så må ein som for anna jakt vere registrert som jeger i jegerregisteret. Nye jegerar må gjennomføre jegerprøven for å verte registrert her.
Vidare må ein ha betalt den årlege jegeravgifta og ha avlagt godkjent skyteprøve for storvilt.