Hopp til innhold

Kommunale oppgaver

Kommunens ansvar for elg, hjort og rådyr

En utfyllende oversikt over kommunens myndighet og plikter, og oppgavehjelp til saksbehandlingen finner du på

Miljødirektoratet.no

 

Fallvilt skal testes for skrantesjuke

Alt fallvilt (dyr som dør utenom ordinær jakt) av hjortevilt som er ett år eller eldre skal testes for skrantesjuke, som et ledd i den nasjonale kartleggingen.

Veiledning til kommunen på Miljødirektoratet.no

Kommunene har et stort ansvar for de offentlige verdiene knyttet til hjortevilt, og er en viktig aktør i forvaltninga av elg, hjort og rådyr. Kommunen skal:

Kommunens frister:

Kommunale mål for forvaltning av hjortevilt

Kvifor skal kommunane lage forvaltningsmål?

  • Viltet har både positive og negative konsekvensar for samfunnet
  • Kommunen må balansere ulike omsyn
  • Kva for ein utvikling i bestanden vil kommunen ha?
  • Rettshavarar og jegrar bør forstå forvaltningsmåla.
  • Kommunen bør kunne måle om ein oppnår ønska utvikling.
  • Dei kommunale måla skal realiserast gjennom bestandsplaner i kommunen og gjerne interkommunalt

Nokre vil ha meir:

Dagens hjorteviltbestandar utgjer viktige og store ressursar både som grunnlag for rekreasjon gjennom jakt, andre naturopplevingar og som kjøtprodusentar. Desse ressursane gjev mange stader etterkvart grunnlag for næringsmessig utnytting. Mange jegerar og grunneigarar ynskjer difor å ha tette hjorteviltbestandar.

Nokre vil ha mindre:

Samstundes påverkar hjorteviltet andre næringsinteresser som jord, skog og hagebruk der beiteskader av hjortevilt kan medføre økonomisk tap av betydeleg omfang. Skader i private hagar og på gravplassar, parkar o.l. kan og einskilde stader vere eit problem.

Hjorteviltbestandane påverkar og andre samfunnsinteresser, mellom anna samferdsle der kollisjonar mellom køyrety, jernbane og hjortevilt fleire stader er eit problem. Dette kan i mange tilfelle medføre alvorlege personskadar i dei verste tilfella med tap av menneskeliv.

Slike kollisjonar har og oftast store økonomiske konsekvensar gjennom skade på køyrety, kostnader for helsevesenet m.v. og kostnader med ettersøk og avliving av skadde dyr.

Påverkar naturen:

Store konsentrasjonar av hjortevilt påverkar og vegetasjonen i vesentleg grad noko som igjen kan få betydning for det biologiske mangfaldet. Dette gjeld både i høve til vegetasjonen og endra livsmiljø og levekår for andre viltartar og organismar. Forsking syner at effektar av hjoreviltbeiting kan vere både positive og negative avhengig av kva forvaltningsmål ein har for det biologisk mangfaldet.

§ 1 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt seier : «Formålet med denne forskriften er at forvaltningen av hjortevilt ivaretar bestandenes og leveområdenes produktivitet og mangfold. Det skal legges til rette for en lokal og bærekraftig forvaltning med sikte på nærings- og rekreasjonsmessig bruk av hjorteviltressursene. Forvaltningen skal videre sikre bestandsstørrelser som fører til at hjortevilt ikke forårsaker uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser.»

Kommunane har såleis ansvar for å ta omsyn til ei rekkje interesser når dei gjennom dei kommunale måla skal legge føringar for hjortviltforvaltninga. Kommunane pliktar å innhente relevant kunnskap om desse forholda på lik linje med andre forvaltningsområder i samfunnet.

Korleis lage forvaltningsmål?

Det kommunale målet skal seie korleis ein ønskjer at utviklinga i den lokale hjorteviltbetanden skal vere. Dette skal skje ut frå ei vurdering av dei ulike interessene som skal ivaretakast, og eventuelle konfliktar mellom desse og hjorteviltbetandane.

På tvers av kommunegrenser

Geografien avgjer dei naturlege grensene for hjorteviltbestandene. Det samsvarer ikkje alltid med kommunegrenser. (Illustrasjon: Googlemaps)

Særleg elg og hjortestammene har store leveområde gjennom året og det kan i mange tilfelle vere naudsynt å samordne måla for fleire kommunar for at ein skal kunne styre bestandsutviklinga. Der ein reknar slikt samarbeid som naudsynt for å kunne få til målretta forvaltning kan Fylkeskommunen pålegge kommunar dette om dei ikkje inngår slikt samarbeid sjølve.

Involvere grunneigarar

Under utarbeidinga av forvaltningsmåla bør grunneigarar/jaktrettshavarar, jegerinteresser og andre berørte interesser involverast i planarbeidet så tidleg som råd. Dette både for å kunne ivareta dei ulike interessene men ikkje minst for å skape forståing for og semje om forvaltningsmåla slik at naudsynte tiltak let seg gjennomføre. Det er jaktrettshavarane og jegerane som i praksis står føre forvaltninga av hjorteviltet og utan at dei er samde i måla og innforstått med naudsynte tiltak vil måla vanskeleg kunne nåast.

Bør vere målbart

Forvaltningsmåla bør vere mest mogleg konkrete og målbare slik at dei utifrå enkle kriteriar som indeksar frå sett elg/hjort, fellingstal og t.d. tal påkøyringar kan etterprøvast.
Forvaltninga av elg og hjort skal i hovudsak gjerast gjennom bestandsplanar. Det kommunale målet vil då vere eit viktig grunnlag for utarbeiding og godkjenning av desse planane. Forvaltningsmåla som  skal vere på eit overordna nivå må utan å verte detaljstyrande for bestandsplanane likevel sjå til skilnader mellom bestandstettleik og arealbrukskonfliktar i ulike delar av kommunen.

Inn i planverket til kommunen

Korleis forvaltningsmåla vert forankra i det kommunale planverket vert opp til den einskilde kommune å avgjere, men det bør innarbeidast i ein plan som vert rullert med jamne mellomrom. Planen kan med fordel bli revidert i samband med rullering av andre kommunale planar etter plan og bygningslova. Der det utifrå bestandsmessige tilhøve er naturleg å samarbeide med nabokommunar om forvaltningsmål bør det utarbeidast regionale eller interkommunale planar/forvaltningsmål.

Hjorteviltplaner

Naturdata as leverer Hjorteviltplaner til kommuner, bestandsplanområder, regioner og fylker etter avtale.

Produktet skal hjelpe kommunen eller regionen og rettighetshaversiden til å tenke målrettet på hvordan man ønsker at den framtidige hjorteviltbestanden i et område skal være og at dette underveis kan etterprøves og evalueres.