Hopp til innhold

Bestandsplanar for forvaltning av elg og hjort

1.mai: Frist for søknad om godkjenning av bestandsplanområde for jakt på elg eller hjort til kommunen

Elgen og hjorten kan forvaltast og jaktast på tvers av kommune- og fylkesgrenser dersom bestanden sin områdebruk gjer det naturleg. (Foto: Egill J. Danielsen)

Det er eit overordna mål at all forvaltning av hjortevilt skal skje etter ein plan. For elg og hjort kan kommunane godkjenne bestandsplanar for ein planperiode på inntil 5 år. Målet med bestandsplanar er ei meir målretta forvaltning der jaktrettshavarane får ein større del av ansvaret for forvaltninga enn ved tradisjonell tildeling frå kommunane.

 

Desse kan søkje om godkjenning av bestandsplanar:

Dei som kan søkje om godkjenning av bestandsplan er vald og samanslutningar av vald, såkalla bestandsplanområde (sjå neste avsnitt), med godkjent areal på minimum 20 gonger minstearealet for jakt på den aktuelle arten.

Her finn du søknadsskjema om godkjenning av bestandsplanområde

Ny kunnskap om elg og hjort sin områdebruk, avdekka gjennom ulike GPS-baserte merkeprosjekt, syner at mange av dyra brukar store områder gjennom året. Mange stader er dette på tvers av kommunegrenser og eksisterande valdgrenser. Gjeldande valdstruktur er difor mange stader ikkje tenleg for å kunne drive ei planbasert bestandsforvaltning av desse artane.

 

Kva er eit bestandsplanområde?

Bestandsplanområde er eit nytt begrep, innført i hjorteviltforvaltninga med forskrift om forvaltning av hjortevilt i 2012.

Geografien, til dømes fjordar, brear og fjell styrer viltet sin områdebruk. Dette bør forvaltninga ta omsyn til. (Illustrasjon: Googlemaps)

Dette er innført for å gjere det enklare å få til store nok område til å forvalte størstedelen av ein hjorteviltbestand samla gjennom bestandsplanar utan at valda treng å slå seg saman.

Eit bestandsplanområde kan bestå av to eller fleire vald som samarbeider om ein felles bestandsplan. Samarbeidet skal vere forpliktande, og det bør utarbeidast vedtekter for bestandsplanområdet.

Bestandsplanområde og vald kan gå over både kommune- og fylkesgrenser. I slike tilfelle er det den kommunen der størstedelen av det godkjende arealet ligg som administrerer valdet eller bestandsplanområdet.

 

Bestandsplanar skal ha ei målsetjing

Bestandsplanar skal innehalde ei målsetjing for korleis ein ynskjer bestandsutviklinga i planperioden. Måla i planen må vere i samsvar med det kommunale målet for at kommunen skal kunne godkjenne planen.

For at planen skal kunne evaluerst må måla for bestandsutvikling vere mest mogleg konkrete og målbare. Her er indeksar frå sett elg- og sett hjort-registreringar det verktyet ein i dag har for å kunne sjå endringar i bestandane. Jaktfelta og valda har difor ei viktig oppgåve i å sikre god kvalitet på desse registreringane.

 

Plan for avskytinga

Bestandsplanen skal innehalde ein plan for den årlege avskytinga. Denne skal vise korleis ein planlegg den årlege avskytinga fordelt på ulike kjønns- og aldersgrupper. Ofte vil det vera naturleg å spesifisera ein miniumumsprosent for dei yngre alders- og kjønnskategoriar og ein maksimumsprosent for dei eldre kategoriane.

For bestandplanområda (to eller fleire vald) skal planen for avskytinga og sei korleis avskytinga skal fordelast mellom valda som inngår i området. Korleis ein planlegg avskytinga  må samsvare med måla ein har sett for bestandsutviklinga.

 

Tildeling og avskyting

Vald og bestandsplanområder med godkjent bestandsplan får tildelt fellingsløyva for heile planperioden samla som valfrie dyr. For bestandsplanområda vert løyva tildelt dei einskilde valda i samsvar med planen for avskyting.

Bestandsplanen skal vise korleis ein planlegg avskytinga, fordelt på kjønns- og aldersgrupper. (Foto: Egill J. Danielsen)

Ein kan likevel flytte fellingsløyve mellom valda innanfor bestandsplanområdet når det føreligg skriftleg avtale om det. Slik avtale kan vere ein del av vedtektene til bestandsplanområdet.

Avskytinga skal gjerast i samsvar med planen, og dersom det for valdet eller bestandsplanområdet samla vert vesentlege avvik frå den planlagde avskytinga kan kommunen trekkje tilbake godkjenninga av planen.

Med bestandsplan er jaktrettshavarane langt friare til å styre uttaket enn ved tradisjonell løyvetildeling frå kommunen. Dette kan for eksempel vere å auke uttaket i område med mykje beiteskader eller påkøyrsler.