Hopp til innhold

Elg Hjort

Brukartest: Settogskutt.no – best på frihand

Brukartest: Settogskutt.no – best på frihand
Å rapportere sett elg og sett hjort via mobil er det mest effektive, meiner vår anmeldar. (Foto: Svend Arne Vee)

Eit meir tidsretta system for å registrere kva hjorte- og elgjegerar ser og skyt av dyr kvar jaktsesong, har vore etterlyst i fleire år.

I haust kom meldinga om at Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Naturdata var klare med eit digitalt verktøy – truleg ei lettelse for den i valdet som har hatt ansvar for å intervjue, samle inn, logge og registrere år for år.

Kan registrere i skogen

Vi har testa settogskutt.no, med Firefox som nettlesar på pc, og på mobilplattform på ein iPhone 4s.

Dei nye digitale løysingane opnar for at fleire i jaktlaget kan ta løpande ansvar for denne viktige jobben. Nøkkelen til dette er at DN og Naturdata har bygt ei løysing som:

  • a) er plattformuavhengig
  • b) er lett å bruke
  • c) kan brukast samtidig av fleire, og registreringane kan skje der og då.

Best på mobil

At settogskutt.no er tilgjengeleg både på pc og mobil, er ein stor styrke. Etter vår test er konklusjonen klar: Verktøyet er faktisk mest brukarvenleg på mobil.

Pc-versjonen er meir omstendeleg enn mobilversjonen, syner denne testen. (Illustrasjon: Faksimile, settogskutt.no)

Hjorteviltportalen vil kome tilbake til om digital rapportering faktisk auker innberetning av sett vilt når ein har hausta nok erfaringer. (Illustrasjon: Faksimile, settogskutt.no)

Grunnen er at ein har laga vel luftig design og brukargrensesnitt for PC. Det blir litt vel mykje klikking og scrolling for å få jobben gjort – sjølv om det heile er lettfatteleg og logisk bygt opp.

For dato- og dyreregistrering kan ein velje mellom kalendar-layout eller listelayout. Vi synest kalendarvisninga er best og enklast.

Enkelt og kjapt

Men det er når du kjem over på mobilversjonen det heile verkeleg blir bra. Brukargrensenittet langt meir kompakt, med nedtrekksmenyar og smarte løysingar for registrering av både antal dyr, datoar for observasjonar og andre parameter med enkle tastetrykk.

Ein kjapp tidstest viste at vi faktisk registrerte stort og smått i etterkant av ein jaktdag dobbelt så raskt på mobilen som på PC!

Meir arbeid å vente med registreringa

Det nye verktøyet er konstruert slik at det beløner den som registrerer fortløpande gjennom jaktsesongen.

Tek du registreringa for heile jakta i desember etter endt sesong, fungerer kalendarløysinga slik at du etter endt registrering av fredagens jaktdag i september, automatisk kjem tilbake til dagens dato – og må dermed klikke deg bakover att i tid for å gå laus på laurdagens observasjonar.

Kanskje utilsikta – eller kanskje eit grep frå Naturdata for å lokke folk til å gjere jobben fortløpande?

Valdleiar godkjenner innlagt data

Om ein ønskjer det, kan faktisk registreringa skje nærast i sanntid, om du ikkje har vegring mot å drasse digitale dippeduttar med i skogen.

Rapportering av sett vilt kan gjerast undervegs i jakta. (Foto: Egill J. Danielsen)

Rapportering av sett vilt kan gjerast undervegs i jakta. (Foto: Egill J. Danielsen)

Du kan nemleg logge seg på (kun ved bruk av jegernummer og namnet på jaktvaldet ditt) og fortløpande oppdatere sett og felt dyr i ditt jaktterreng på mobilen i løpet av jaktdagen. Meir hensiktsmessig er det kanskje likevel å rapportere på slutten av jaktdagen, og samla for heile jaktlaget dersom du ikkje jakter aleine.

Viktige opplysninger for forvaltninga

Så står det att å sjå om dei nye verktøya aukar jegermotivasjonen for å sende inn opplysningar. Her har DN og Naturdata meir å gå på for å få fleire med.

Sjølv om ein på velkomstsida på settogskutt.no fortel litt om kvifor valda bør delta i denne registeringsjobben, kunne ein vore langt meir raus med å poengtere kor viktige desse opplysningane er for den framtidige forvaltninga av hjort- og elgbestanden.

Kanskje ein jamvel kunne vore så dristige å friste med ein uttrekt premie eller tre til vald som støttar lojalt opp rundt ordninga? Sjølv om nordmenn er kjøtjegerar, seier dei ikkje nei takk til ei gulrot.